Den store edelgrana vår har no førtidspensjonert seg. Eit tverrsnitt av stammen, viser at dette var eit tre på vår eigen alder, med mykje av livet framfor seg. Ei frisk edelgran gjekk bort så altfor tidleg vil nokon seie. Andre vil seie at det var på høg tid at andre fekk sleppe til. Vi kan ikkje seie at ho er sårt sakna enno. Ho okkuperer halve hagen der ho ligg kvesta. Skamlaus. Men vi kan seie at det vart annleis. Ein raudhyll har fått nytt livsrom, og kanskje det er fleire planter som får glede av dei nye lysforholda. Det får våren fortelje oss. Den mest umiddelbare endringa er vel at vi no kan sjå Amfilogoen frå stova vår.

Tida er ute og edelgrana er nede for teljing.
Etter ei slik lang stille
Du ventar deg ikkje noko meir då vel?
Eg venta
Eg venta meir og meir
Men eg venta meg ikkje noko
…
- Denne bloggen då, – morogfarihuset?
- Ja, kva med den?
- Veit ikkje.
Men no har vi kome i hus.
- Nei seier du det?
-
Lagra i: Liv
Det er mykje bra å seie om antibiotika. Men i dag vil eg halde fram kor godt det gjer for ein verkande kropp å lese nokre liner med islandsk tekst: -Má opna, en innihaldið má hvorki mylja né tyggja. Slikt kan ein lese på ei øskje med medisinkapslar. Kapslar? Kva er vel ein kapsel mot ein “hylk”?
Du skjønar nok no at eg tek denne antibiotikakuren på islandsk. Og viss du føler deg litt tufs du òg, kan du jo prøve denne oppskrifta frå http://tradisjoner.no/:
Eftir uppskrift Guðrúnar Jakobsdóttur á Víkingavatni
13 l vatn
ca. 250 – 300 gr. fjalagrös
1 kg sykur
1 desertskeið perluger
Sykurinn var brúnaður og soðið upp á honum og grösunum. Síðan voru grösin síuð frá og lögurinn látinn bíða þar til hann var nýmjólkurvolgur. Þá ver gerinn settur út í og látið gerjast í 1-2 sólarhringa. Síðan var ölinu tappað á flöskur og það sett í kæli.
(Hallgerður Gísladóttir, Íslensk matarhefð, Reykjavík, 1999)
Lagra i: Familieliv
Du ville kanskje ikkje tru det, men vi brukte omlag 11 timar nedover og 10 timar oppover. Skilnaden i tid er knytt til ferjerutene. E39 har retta seg meir ut med åra, og nokre av ferjene har fått meir fart på seg. Dei fem ferjene på strekninga gjer også at ein får mange høve til å strekke på beina, ete og gå på do, – medan ein er undrevegs! På to av ferjene serverer dei endåtil ball! Slik kjem vi fram til fylgjande dom:
Det er framleis ein lang biltur, dette. Men treff ein ferjeavgangane sånn høveleg bra, er det ein meir overkomeleg tur enn ein fyrst skulle tru. Og som strekning i 10-12 timarsklassen held vi gjerne fram Ørsta-Stavanger som over middels menneskeleg.
Vi ser at ferja kan vere eit tveegga sverd på mange måtar, men vi vil fokusere på denne positive opplevinga inntil vidare.
Lagra i: Friluftsliv
“Det regnet og det regnet og det regnet.”
A.A. Milne
Lagra i: Liv
No har eg levd i 31 år, og endeleg kjenner eg den vaksne smaken av heiltid. Og for den som enno lurer på det, kan eg seie at han liknar litt på kaffismaken, slik eg hugsar han frå førkonfirmert tid.
Det var ei anna tid. Men var ho noko mindre heil?
Kall det kva du vil. Vi er attende i alle fall. Det meste er som før: Mor, far og hus. Men far er ferdig med eksamen, og har på ein måte sommarferie. Fint at det då er 20 grader før frukost.
Kva er det vi lengtar etter alle saman?
Er det facebook vi lengtar etter?
Er det det vi drøymer om?
Eller er det noko anna?
Lagra i: Når det gjeld bloggen
Bloggen held stengt frå i morgon, mandag, og resten av mai. Det er rett og slett ikkje tid for blogging, no.
Lagra i: Når det gjeld bloggen
Akkurat som Arve Moen Bergset, var vi “borte en stund, men så kom han tilbake igjen.”
Hm…som Jesus også forsåvidt.
Uansett: Tittei!